Thursday, July 19, 2012

Krabbe og rekefestival

vi stjeler litt fra Kvinnheringen her
Til den store rekefesten fredag kveld vert det rigga opp to vaksne telt på parkeringsplassen ved Halsnøy senter. I tillegg til reker kan gjestene meska seg med krabbe, varmrøykt laks og makrell og, ikkje minst, lubbesild frå Sjøvangen. På underhaldningsmenyen står revygjengen frå Høylandsbygd, trekkspelaren Sverre Eilertsen frå Karmøy, nokre lokale artistar og song.
– Vi har lagt vekt på at heile familien skal ha det moro denne kvelden, fortel Sverre Bjørnevik.
Ellers kan det nevnes at det er aktiveter heilt fra torsdagen
Festivalen opnar med Halsnøy Storband sin «Kaijazz» ved samfunnshuset i kveld torsdag kveld
Fredag er det altså  Krabbe og rekefestival med show og dans til slutt
Etter ein solid frukost i teltet er det laurdag klart for mange aktivitetar i Sæbøvik sentrum. Konkurransefiske har alltid vore eit fast innslag på festivalen. Slik også i år. Det skjer laurdag ettermiddag med klassar for herrar, damer og juniorar.
På området ved samfunnshuset ventar arrangørane seg eit yrande liv heile laurdagen med lotteri, grillmat, lappar, kaffi og salsbuer i mange variantar. Om kvelden spelar gruppa X-Files opp til dans på samfunnshuset, og Tick-Tack gjer det same i teltet på parkeringsplassen ved senteret
Så det er bare å ta turen over til Perlo til helga, skal se om jeg får tatt noen bilder når jeg er over :-)
Me bloggas

No comments:

Post a Comment

Lectinect

Krimklubben

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

You like