Wednesday, October 14, 2015

Storfisk i Etne

Fangst av det sjeldne

breiflabb

 

Eg har fått breiflabb på rundt 20-30 kilo tidlegare, men denne fisken er enorm. Dette er ein sjeldan fangst. Eg vart heilt forundra då eg såg kva som var i garnet. Vekta ligg nok på rundt 70 kilo, fortel Magne Gunnar Nerheim etter at monsterfisken er trygt plassert på land måndag. Fiskaren brukte over éin time på å få fisken over båtripa, og to sterke karar måtte til for å hengja ruggen opp etter at den var plassert på bryggja. Fisken hadde nok ikkje tenkt seg å enda opp som fiskemiddag, og beit godt frå seg då Nerheim skulle prøva å få den over båtripa. — Han glefsa etter meg og slo med halen då eg skulle få den om bord. Den eine båtshaken vart knekt, fortel fiskaren og viser fisken sin kraftige tanngard full av sylskarpe tenner. Vekta ligg nok på rundt 70 kilo 1,5 meter lang Fisken blei målt til ei lengd på 1,5 meter og ei breidde på 40 cm. Rundt magen er han heile 120 cm. — Den har nok levd godt. Det er stor mage på han, konstaterer Nerheim som fekk fisken på garn på utsida av Romsa mot Fjellberg. Nerheim fiskar kvar dag, men har aldri oppleve å dra i land så stor fisk. — Han vart fanga på garn på rundt 25 meters djup, seier han. Delikatesse Breiflabb vart tidlegare rekna som ein ufisk som vart kasta på havet igjen, men i dag er fisken rekna som ein god matfisk der halepartiet er det mest ettertrakta. — Halen er ein delikatesse. Den er det god pris på. Resten er ikkje brukande på denne fisken, meiner Nerheim. Fakta Breiflabben kan bli opptil 200 centimeter lang og vega meir enn 98 kilo. Men vanlegvis er den mykje mindre. Verdsrekorden er på 115 kilo fanga på garn i Høylandssundet i Kvinnherad i 2012, ifylgje Wikipedia. Vanlegvis er det hofisken som blir størst, men fisken Nerheim drog i land var ein hannfisk. Fisken er ein typisk botnfisk og lever frå fjære og ned til 2.000 meters djup. I Noreg er den vanlig langs heile kysten. Elles er den å finna i aust i Atlanteren, i Middelhavet og Svartehavet.

Det var no i helga denne ble tatt

Vi blogges

No comments:

Post a Comment

Lectinect

Krimklubben

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

You like