Sunday, December 6, 2015

Då spriten forsvann

I dag held dei fleste seg til chilinøtter, potetgull eller tapas når dei er ute på byen og drikk. Slik var det ikkje for hundre år sidan - då var makrell og øl rekna som ein prima kombinasjon til fest og hygge.

- Spikemakrellen var viktig for verksemda, det er openbart når ein ser at dei segla heilt til doggerbank for å dorga makrell, seier Peder O. Lie.

Han er dagens nestor i den gigantiske familiebedrifta Liegruppen på Sotra. Dei vart store innan fiske allereie for godt over hundre år sidan. Men rundt 1920 forsvann ein viktig marknad for fiskarane på Liaskjæret.

 

«Norig» var i teneste på tida det gjekk store mengdar spikemakrell frå Sotra til pubar i USA.

- Dei hadde tent gode pengar på å eksportera spikemakrell som snacks til pubar i USA. Men så kom forbodstida, og då pubane ikkje fekk selja alkohol var det heller ikkje marknad for snacks. Då forsvann delar av formuen, fortel Lie.

Forbodstida innebar at det i USA vart forbode å selja drikke med meir enn 0,5 prosent alkohol. Og utan alkohol gadd ikkje amerikanarane å gå på byen. Dermed forsvann mange skjenkestader, og marknaden for spikemakrell med dei. Det var eit hardt slag for familien Lie, som hadde tent store pengar på å fiska og spika makrell for eksport. Då forbodstida tok slutt i 1933, var det for seint.

FAKTA: FORBODSTIDA

Forbodstida er eit samleomgrep på alkoholforboda som vart innført i ei rekkje land i første del av 1900-talet. Dette omfatta mellom anna Noreg, Sverige, Finland, Færøyene, Island, Russland og USA.

I Noreg vart brennevin forbode i 1916, året etter vart forbodet utvida til også å gjelda heitvin. I 1923 vart forbodet avskaffa. Dette er den einaste gongen i norsk historie der ein lov vedtatt ved folkerøysting har vorte fjerna.

Forbod mot sal av alkohol førte til mykje kriminalitet knytt til ulovleg distribusjon og sal av alkohol. I USA førte forbodstida til at mafiaen fekk solid fotfeste. Det var også ei rekkje helseskader og dødsfall då folk erstatta alkohol med mellom anna metanol. I tillegg eksperimenterte styresmaktene i USA med å blanda giftige midlar i alkohol, noko som fekk fatale følgjer då folk drakk det.

Forbodstida i USA varte frå 1920 til 1933, og det var forbode å selja all alkohol som var sterkare enn 0,5 prosent. På Færøyane var det strenge alkoholrestriksjonar heilt fram til 1992.

Undersøkingar frå USA tyder på at alkoholkonsumet faktisk auka under forbodstida. Dessutan var forbodet god butikk for Cuba, som fekk stor vekst som ein fristad der amerikanarar kunne dra for å festa.

I Noreg kunne ein av enkelte legar få alkohol som medisin. Mellom anna skreiv den bergenske dr. Falkenberg ut 8.859 reseptar på kojakk mot spanskesjuka. Han vart stilt for retten, men vart frikjent etter det som vart skildra som ei «munter» vitneavhøyring.

Dei statlege vinmonopola i Norden sprang ut frå avslutninga av forbodstida.

Heile artikkelen finn du her :

http://www.vestnytt.no/aktuelt/Da-spriten-forsvann_-gjekk-makrellen-dukken-397417.html

Vi blogges

No comments:

Post a Comment

Lectinect

Krimklubben

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

You like