Friday, December 26, 2014

Røykelaks – enikelt

Har du lyst til å lage din eigen røykelaks, men manglar røykeri? Sjølv om vi rådar deg til å røyke i røykeri, kjem det er ei enkel og lettvint løysing.

Det første du må gjere er å skjære laksen i to store filetar. Deretter saltar du filetane i 1,5 – 2 døgn alt etter storleik. Etter at fisken er salta tek du den opp, og let den tørke på papir eit par timar.

 

Så kjem den lettvinte delen, nemleg reinsa tre-eddik. Dette får du kjøpt på apoteket, nokre kallar den forresten "røykesyre". Smør tre-eddik på begge sider av filetane med ein pensel. Etterpå skal fisken henge i eitt døgn for å godgjere seg. Så er den klar til bruk!

 

Sterk lukt

Idar Håkon Lønne er godt nøgd med denne oppskrifta, og meiner laksen blir like god som vanleg røykelaks. Men han minner om ein viktig ting, nemleg at treeddik luktar ganske sterkt. Så eit råd er å arbeide med fisken i kjellaren heller enn på eit julevaska kjøkken!

 

Jeg kunne godt tenke meg aa proeve dette paa annen fisk ogsaa, faar se naar jeg kommer hjem :-)

Vi blogges

No comments:

Post a Comment

Lectinect

Krimklubben

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

You like