Loerdag var en merkedag i regionen, Norge’s lengste bro ble aapnet over Hardanger fjorden, etter mange aars kamp for aa faa den. Stor folkefest naar broa ble aapnet. Jeg var ikke hjemme, men planlegger aa faa meg en tur over naar jeg kommer hjem, liksom bare for aa ha gjort det. Den ligger ikke i noen av mine vanlige ruter, for aa si det saann
Helikopter bilder fra aapningen finner du hos Bergens Tidende, ved aa trykke paa bildet under
Og en virtuell kjoeretur kan du ta her, hvis du ikke er fra disse kanter av landet, det er Aftenposten som har denne videoen paa sine sider, klikk bildet saa kommer du frem til siden med videoen.
Noen fakta
Hardangerbrua er ei hengebru som fører Riksveg 7 og 13 over Eidfjorden i Hardanger. Ho vart opna 17. august 2013 og går mellom Vallavik på vestsida og Bu på austsida. Brua erstatta ferjesambandet Bruravik-Brimnes.
Brua er 1 380 meter lang, og med det den lengste hengebrua i Noreg og den åttande lengste i verda.[1] Mellom anna er hovudspennet lengre enn på Golden Gate Bridge i San Francisco i USA. Brutårna har ei høgd på 202,5 meter, medanseglingshøgda er 55 meter. På nordsida av fjorden går ein ny arm av Vallaviktunnelen fram til brua. Tunnelen har ei munning som er 23 meter høg, kanskje den største tunnelportalen på ein vegtunnel nokonsinne.[2]
Brua var kalkulert å kosta i overkant av 1,8 milliardar 2005-kroner, noko som skulle finansierast gjennom bompengar, fylkeskommunale tilskot, innsparte ferjetilskot og ordinære statlege midlar.
Hardangerbrua vart i 1996 røysta ned av Stortinget, men i løpet av åra fram til den nye avrøystinga endra opposisjonen standpunkt i saka, og bruprosjektet vart vedteke 28. februar 2006 med 79 mot 24 røyster. Arbeidet med prosjektet starta 26. februar 2009, og gjekk utan større avbrot fram til opninga den 17. august 2013. Det var kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete som stod for den offisielle opninga. Fleire hundre menneske deltok på opninga. Mellom dei var også ein delegasjon frå Elektroarbeidernes Fagforeningsom demonstrerte mot at det hadde vore sosial dumping ved bygging av brua.[3] Tilhengjarar av brua har argumentert for at brua vil letta køyring både lokalt i Hardanger og mellomAustlandet og Vestlandet. Aust-vest vil brua føra til utbetring av riksveg 7 over Hardangervidda og nord-sør av riksveg 9 og riksveg 13. Motstandarar av brua har drege fram at auka trafikk over Hardangervidda vil føra til vanskar forvillreinstamma der. Ei bru vil føra til endring av fjordlandskapet, og ein ikkje vil kunna gå under brua med høge cruiseskip, slik at mellom anna Eidfjord og Ulvik ikkje kan vitjast av slike skip lenger. Mange turistar kjem til område for å sjå det særmerkte landskapet. Eit anna motargument er at brua ikkje har høgt nok trafikkgrunnlag, og ikkje vil vera så kostnad-nytte-effektiv som ein del andre moglege vegtiltak.
Me blogges
No comments:
Post a Comment